Dioksin og dioksinliknande sambindingar
Dioksin og dioksinliknande sambindingar (DLC) er ei gruppe giftige, organiske sambindingar. Alle er bygd opp på same måte med to benzenringar bunde saman over to oksygenatom. Talet på og plasseringa av kloratoma skil dei ulike dioksina frå kvarandre.
Dioksin er feittløyselege miljøgifter som bioakkumulerar.