Dettifoss
Dettifoss er ein foss nordaust på Island, ikkje langt frå Mývatn. Han er ein del av elva Jökulsá á Fjöllum, som renn frå isbreen Vatnajökull og samlar vatn frå eit stort område nordaust på Island. Han har rykte på seg for å vere den kraftigaste fossen i Europa og har ei middelvassføring på 200 m³/s. Største målte vassføring er derimot på 420 m³/s, noko ein kan få i samband med is- og snøsmelting på sumaren. Fallet er 100 meter breitt og 44 meter høgt ned i gjelet Jökulsárgljúfur.
Dettifoss | |||
foss | |||
Dettifoss
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Område | Nordaust på Island | ||
Del av | Jökulsá á Fjöllum, Diamond Circle | ||
Fossetype | Blokk | ||
Elv | Jökulsá á Fjöllum | ||
Totalt fall | 44 m | ||
• Midla breidd | 100 m | ||
Middelvassføring | 200 m³/s | ||
Tal på fall | 1 | ||
Dettifoss 65°49′19″N 16°23′17″W / 65.821919444444°N 16.388169444444°W | |||
Wikimedia Commons: Dettifoss |
Dettifoss ligg i nasjonalparken Jökulsárgljúfur.
Fakta
endreMusikkstykket 'Dettifoss' (Op.57) av Jón Leifs er inspirert av denne fossen.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dettifoss frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: