Christian Grimsgaard
Christian Semb Grimsgaard (2. august 1824–30. mai 1895) var ein norsk offiser, tollar og stortingsmann frå Kristiania.
Christian Grimsgaard | |||
| |||
Fødd | 2. august 1824 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 30. mai 1895 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, offiser, tollar | ||
Barn | Clara Mørch | ||
Alle verv |
|
Grimsgaard var son til ein handelsmann. Sjølv gjekk han offisersvegen og tok eksamen ved krigsskulen i 1844. Etter tre år på høgskule, gjekk han i 1847 over i artilleribrigaden. Han vart sekondløytnant 1848, premierløytnant 1850 og stabskaptein 1856. Frå 1861 var han major i hæren, vidare 1864 oberstløytnant og 1866 oberst. Han gjorde teneste i generalstaben frå 1852, generalstabssjef var han frå 1872. Tida 1860-66 var han referent for kommandosaker hos kongen i Stockholm. I 1878 vart han utnemnd til generalmajor i hæren og sjef for 1. akershusiske brigade. Han var då kommandant ved Fredriksten festning. I 1890 tok han avskjed frå det militære, og var sidan tollar i Drammen.
Grimsgaard var med i ei rad kommisjonar omkring militære tilhøve. År 1864 kom han med i den norsk-svensk kommisjonen vedkomande opplæring i felt, tida 1868-70 gjaldt det nytt reglement for infanteriet, også det eit norsk-svensk samarbeid. Vidare var han medlem av den store militærkommisjonen av 1870 og fleire andre militærfaglege kommisjonar.
Grimsgaard representerte Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882, medlem av militærkomiteen.
Han døydde i Drammen i 1895.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914