Chet Atkins
Chester Burton «Chet» Atkins (20. juni 1924–30. juni 2001) var ein amerikansk gitarist, stundom songar og plateprodusent. I lag med Owen Bradley, skapte ein glattare countrystil som vart kjend som Nashville sound, som var medverkande til at country vart populært hos pop-publikummet.
Chet Atkins | |||
| |||
Fødd | 20. juni 1924 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Luttrell i Tennessee i USA | ||
Død | 30. juni 2001 (77 år) | ||
Dødsstad | Nashville i Tennessee i USA | ||
Fødenamn | Chester Burton Atkins | ||
Alias | Mr. Guitar, The Country Gentleman | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1942–1996 | ||
Sjanger | Country, rock and roll, folk, rockabilly | ||
Instrument | gitar, fiolin, vokal | ||
Kjende instrument | Country Gentleman, Tennessean, 6120, Gibson Chet Atkins SST | ||
Plateselskap | RCA, Columbia | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Den plukkande gitarstilen til Atkins var inspirert av Merle Travis. Andre store inspirasjonskjelder var Django Reinhardt, George Barnes, Les Paul og seinare Jerry Reed.[1] Stilen hans førte til fans og beundrarar både innafor og utafor countrymiljøet, både i USA og internasjonalt. Atkins produserte plater for The Browns, Hank Snow, Porter Wagoner, Norma Jean, Dolly Parton, Dottie West, Perry Como, Elvis Presley, The Everly Brothers, Eddy Arnold, Don Gibson, Jim Reeves, Jerry Reed, Skeeter Davis, Waylon Jennings og mange andre.
Atkins fekk i alt 14 Grammy-prisar, i tillegg til Grammy Lifetime Achievement Award, ni prisar som årets instrumentalartist hos Country Music Association, og han vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame, Country Music Hall of Fame and Museum og Musicians Hall of Fame and Museum. I november 2011 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone Atkins som den 21. beste gitaristen gjennom tidene.[2]
Påverknad
endreI Noreg er Øystein Sunde, Claes Neeb og Lars Håvard Haugen blant kjende gitaristar som har lete seg påverka av Atkins.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chet Atkins» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: