Bill Gates
William Henry Gates III (fødd 28. oktober 1955), best kjend som Bill Gates, er ein forretningsmann og programvareutviklar frå USA. Saman med Paul Allen grunnla han verksemda Microsoft, der han i dag er styreleiar og «hovudprogramvarearkitekt». Tidsskriftet Forbes har sett Gates som den rikaste personen i verda, med unntak av statsoverhovud, frå 1993 og fram til 2005. Nettoformuen hans er rekna ut til å vera om lag 46,5 milliardar dollar (2005).
Bill Gates | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 28. oktober 1955 (69 år) Seattle |
Yrke | gründer, programmerar, informatikar, oppfinnar, investor, bridgespelar, investor, skodespelar, velgjerar, skribent, forretningsmagnat |
Språk | engelsk |
Formue | 89 800 000 000 US-dollar |
Høgd | 1,77 meter |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, National Academy of Engineering, Chinese Academy of Engineering |
Far | William H. Gates |
Mor | Mary Maxwell Gates |
Ektefelle | Melinda Gates |
Bill Gates på Commons |
Livsskildring
endreBill Gates blei fødd i Seattle i Washington som son til forretningsadvokaten William H. Gates Sr., og Mary Maxwell Gates, styremedlem i fleire større føretak.
Utdanning
endreSom barn gjekk Bill Gates på den eksklusive privatskolen Lakeside School, den beste i delstaten, som gav han tilgang på datamaskinar der han kunne utvikla programmeringsevnene sine. På leit etter sterkare maskinar lurte Gates og vennen hans Paul Allen seg inn på datamaskingromma til Universitetet i Washington. Dei blei tekne, men gjorde ein avtale med dei som styrte romma om at dei kunne bruka maskinane mot at dei gav gratis datahjelp til studentar.
Han studerte ved Harvard-universitetet men slutta utan å ta ein grad der. I det første året var han romkamerat med Steve Ballmer, som i dag er administrerande direktør for Microsoft. Som student skreiv Gates saman med Allen den første BASIC-fortolkaren for den første utbreidde personlege datamaskinen, Altair 8800.
Microsoft
endreI 1975 grunnla Bill Gates og Paul Allen selskapet Microsoft i Albuquerque i New Mexico. Grunntanken var å selja BASIC-fortolkarar, og Altair kjøpte idéen.
Det kanskje viktigaste punktet i historia til selskapet kom då IBM ville kjøpa operativsystemet DOS av dei til si nye storstating, IBM PC, på 1980-talet. Kort tid etter dukka mange PC-klonar opp på marknaden, og Microsoft nytta den sterke stillinga si til å dominera operativsystemmarknaden.
I 1991 erklærte Bill Gates at selskapet skulle satsa på det novarande flaggskipet Windows.
Gates gav i 2000 opp posten som administrerande direktør i Microsoft til fordel for Steve Ballmer og tok i staden på seg rolla som Chief Software Architect, «hovudprogramvarearkitekt».
Personleg liv
endreBill Gates gifta seg med Melinda French i 1994. Dei har tre ungar: Jennifer Katharine Gates (f. 1996), Rory John Gates (f. 1999) og Phoebe Adele Gates (f. 2002).
Veldedig arbeid
endreEkteparet Gates har lenge interessert seg for å gje pengar til gode føremål, og har mellom anna donert fem milliardar dollar til ei veldedig stifting, den største donasjonen nokon gong av menneske som fortsatt er i live. I 2000 grunnla dei den veldedige stiftinga Bill & Melinda Gates Foundation etter å ha slått saman Gates Learning Foundation og William H. Gates Foundation.
Stiftinga arbeider særleg for kamp mot sjukdom i den tredje verda og utdanning for vanskeleg stilte studentar. Ho har mellom anna gjeve over 100 millionar dollar for å hjelpa ungar som lir av HIV/AIDS, og har sponsa 90 % av WHO-forsøket på å utrydda polioviruset. Stiftinga gjev òg stipend til studentar frå minoritetsgrupper.
Utmerkingar
endreGates har fått to æresdoktorat, eitt frå Kungliga tekniska högskolan i Stockholm i 2002 og eit ved Wasedauniversitetet i Tokyo i 2005.
Han blei adla i mars 2005 av dronning Elizabeth II. Som Knight of the British Empire kan Gates no bruka tittlen KBE etter namnet sitt.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Bill Gates» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2005.