Berge Furre
Berge Ragnar Furre (fødd 13. april 1937 i Sjernarøy i Finnøy kommune i Ryfylke, død 11. januar 2016) var ein norsk politikar, historikar og teolog.
Berge Furre | |||
| |||
Fødd | 13. april 1937 Sjernarøy kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 11. januar 2016 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | kirkehistoriker, politikar, teolog, prest, professor, historikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Torild Skard, Elisabeth Aagot Koren | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Furre var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå 1973 til 1977 for Rogaland, og leiar for SV frå 1976 til 1983. Han var medlem av Lund-kommisjonen frå 1994 til 1996. Han var professor i historie ved Universitetet i Tromsø mellom 1985 og 1986. Frå 1991 var han professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo. Furre skreiv ei rad bøker, særleg om historiske og politiske emne.
Utmerkingar
endre- Furre vann Fritt Ords Pris i 2003.
- I 2003 vann han også Storegutprisen.
- 29. april 2006 vart han utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.
Verk i utval
endre- 1990 Soga om Lars Oftedal ISBN 82-521-3468-8 Om presten Lars Oftedal (1838–1900)
- 1992 Norsk historie 1905-1990 : vårt hundreår ISBN 82-521-3487-4
- 2000 Norsk historie 1914-2000 Industrisamfunnet - frå vokstervisse til framtidstvil ISBN 82-521-5187-6