Austprovinsen i Saudi-Arabia
Austprovinsen (arabisk الشرقية, romanisert ash-Sharqīyah) er den største provinsen i Saudi-Arabia. Provinshovudstaden er Dammam, der dei fleste innbyggjarane bur.
Austprovinsen | |||
الشرقية | |||
provins | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Dammam | ||
Areal | 672 522,0 km² | ||
Folketal | 4 105 780 (2010)[1] | ||
Postnummer | 04 | ||
Austprovinsen i Saudi-Arabia 22°30′N 51°00′E / 22.5°N 51°E | |||
Kart som viser Austprovinsen i Saudi-Arabia.
| |||
Wikimedia Commons: Eastern Province, Saudi Arabia |
Austprovinsen er senteret for det meste av oljeproduksjonen til Saudi-Arabia. Provinsen er òg eit turistsenter fordi han ligg ved kysten av Persiabukta og dei fleste turistane kjem frå dei nærliggande arabiske landa og Riyadh-regionen.
Geografi
endreAustprovinsen ligg ved Persiabukta og grensar til fem land: Irak, Kuwait, Oman, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata.
Den viktigaste flyplassen i regionen er King Fahd internasjonale flyplass, den største flyplassen i verda etter landareal. Via King Fahd-vegen, som stod ferdig i 1986, er Austprovinsen knytt til naboøya Bahrain.
Den stort sett folketomme ørkenen Rub' al Khali (Den tomme fjerdedelen) dekkjer meir enn halvparten av provinsen.
Historie
endreSaudiarabarane i Najd fekk kontroll over området då Det osmanske riket. Dei busette områda har vore kjend som «Al-Ahsa» (arabisk الأحساء) under osmansk styre, og heile regionen Aust-Arabia vart hovudsakleg kalla «Bahrain» (arabisk البحرين) frå før-islamsk tid og fram til 1521.
Guvernørar i Austprovinsen
endre- Abdul Muhsin bin Abdullah Al Jiluw (?–1985)
- Muhammad bin Fahd (1985–2013)
- Saud bin Nayef (2013–)
Byar
endre- Al-Ahsa (الأحساء)
- Abqaiq (بقيق)
- Jubail (الجبيل)
- Ras Tanura (رأس تنورة)
- Qatif (القطيف)
- Khobar (الخبر)
- Dhahran (الظهران)
- Dammam (الدمام)
- Hafar Al-Batin (حفر الباطن)
- Khafji (الخفجي)
- Nariyah (النعيرية)
- Qariat Ulya (قرية العليا)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «تعداد السكان والمساكن». Henta 10. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Eastern Province, Saudi Arabia» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2015.