August
den åttande månaden i juliansk og gregoriansk kalender
August er åttande månaden i den julianske og gregorianske kalenderen og har 31 dagar. August er oppkalla etter den romerske keisaren Augustus og er den sjette månaden i den opphavlege romerske kalenderen. Før Augustus si tid heitte månaden «Sextillus».
Hundedagane vert avslutta i august.
Eit gammalt namn på august er haustmånad, medan norrønt haustmánaðr (som er nemnt i Edda) var den sjette sommaremånaden, det vil sei september.
Kjelder
endre- «Høstmåned», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014