Anstruther (skotsk Enster, gælisk Eanstar) er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 3500 innbyggjarar. Byen er den største busetjinga i området East Neuk, ei strekning langs nordsida av Firth of Forth, rett ovanfor Isle of May. Han har eit minnesmerke over slaget ved Isle of May.

Anstruther

skotsk-gælisk
skotsk
Eanstar
Enster
Sjøsida i Anstruther
Sjøsida i Anstruther
Sjøsida i Anstruther
Plassering
Anstruther is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3 600
Koordinatar 56°13′N 2°42′W / 56.217°N 2.700°W / 56.217; -2.700
Diverse annan informasjon
Postnummer KY10
Telefon-retningsnummer 0 1333
Commons har multimedium som gjeld: Anstruther

Det er gjort funn knytt til piktarane og tidleg kristen tid på staden. Han var tidlegare ein fiskarlandsby, og Scottish Fisheries Museum ligg der.

Turisme er no viktigaste næringsvegen, spesielt knytt til golfbanen og marinaen. Byen har ein fish and chips-butikk som har vunne ein pris for maten sin.

Anstruther er fødebyen til geologiprofessor Andrew Lawson.

Kjelder

endre