ASCII-kunst
ASCII-kunst er det å utnytte bokstavar og andre teikn ein kan skriva på datamaskinar til å danne eit bilde.
Namnet ASCII kjem frå ASCII-standarden som inneheld store og små bokstavar og vanlege teikn brukt i engelsk, til saman 95 teikn. Det er også vanleg å kalla bilete laga med fleire teikn «ASCII-kunst».
Dei enklaste formene for ASCII-kunst bruker berre nokre få teikn og framstiller enkle bilde, ofte emotikon (eng. smileys) som fortel noko om den som skriv ein tekst. Slike enkle bilde kan til dømes vera eit smilande, liggjand fjes, :-)
,eller eit forvirra uttrykk, (?_?)
.
Ein kan også laga større ASCII-bilde ved hjelp av ulike teknikkar:
Linjer | Fargar | Skugge eller kontrastfargar |
---|---|---|
.--. /\ '--' /__\ |
.g@8g. db 'Y8@P' d88b |
:$#$: "4b. ':. :$#$: "4b. ':. |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «ASCII-kunst» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2009.